Familieterapeut Linda

Tilbyr samtaleterapi for enkeltpersonar, par og familiar. 

Eg kan hjelpa i mange situasjonar i livet, til dømes:- Behov for ein nøytral og profesjonell samtalepartnar- Ynskje om betre handtering av stress- Ynskje om endring i livet- Utfordringar i parforholdet- Ynskje om å styrke parforholdet- Utfordringar med born/behov for foreldrerettleiing. 

Eg har brei erfaring med samtalar både med born, ungdom og vaksne gjennom mange års arbeid både i privat verksemd og ulike offentlege tenester. I tillegg har eg holdt kurs i mindfulness/stressmeistring for privatpersonar og bedriftar dei siste 7 åra.

Eg er utdanna førskulelærar ved Høgskulen Stord Haugesund og utdanna familieterapeut ved Diakonhjemmet høyskole i Oslo. Vidare har eg utdanna meg som instruktør i Mindfulness Via Huma Nova (Katharina Lundblad). I tillegg er eg sertifisert kursleiar i PREP  (kommunikasjonskurs for par) via Modum Bads senter for familie og samliv, og sertifisert kursleiar i Circel of Security Parenting Training (COS). Samt vidareutdanning i Emosjonsfokusert familieterapi og foreldrerettleiing. 

Prisar for samtalar:

650 kr  for individuelle samtalar (60 min)

800 kr for første par samtalar (90 min)

650 kr for vidare par samtalar (60 min)

Kontakt:

Mail: linda@b3helse.no

Telefon: 477 57 772

SMS: 951 23 968