Eg er muskelterapeut og massør med bachelorgrad i osteopati og fleire års erfaring fra klinikk i Oslo som massør og treningsvegleiar. Eg har og jobba i mange år som instruktør innan styrketrening.
Eg gir eit tilbod til deg som ynskjer hjelp til å meistre din kvardag betre. Gjennom muskelterapi og massasje kan du oppnå smertelindring, betre mobilitet og med det få ein kropp som fungerer betre i dine daglege gjeremål.
Dei fleste av oss opplever smerter og plager i muskel- og skjelettsystemet frå tid til anna. Det kan det vera mange grunnar til. Alt frå arbeidssituasjon, fritidsaktivitetar og daglege gjeremål kan vere med å skape eller oppretthalde disse plagene. Gjennom behandlingsteknikkar som har som formål å auke mobilitet, stabilitet og sirkulasjon i kroppen ynskjer ein å oppnå smertelette og betre funksjon i kvardagen. I min behandling legg eg stor vekt på å gi deg kunnskap om dine plager og gi deg verktøy til eigenbehandling.
Har du smerter eller plagar som påverkar din kvardag? Eller treng du massasje for stive og ømme musklar? Bestill ein time på 99022851
Priser 2025:
Muskelterapi: 700kr
Massasje 60min 700kr
Massasje 45min 600kr
Massasje 30min 550kr